Halldis Moren Vesaas voks opp i Trysil. 17 år gammal reiste ho ut i verda for å sjå verka til Michelangelo, for å lære språk og for å skrive. I reiseveska hadde ho ein unik kulturarv frå oppveksten sin. Gjennom heile livet skreiv og tala ho til dei unge sine hjarte. Vi vil at våre unge òg skal ha kultur i reiseveskene når dei dreg ut i verda. Denne samlinga er ei gåve til dei som skal ut. Vi vil at dei skal stå trygt på eigne bein, at dei skal meistre og kjenne ungdommens jubel og spaning over livet.
– Ja enno kan alle ting skje!
Ove Røsbak har gjort eit utval på 30 dikt med tanke på unge lesarar. Til kvart dikt er det ein personleg kommentar. Det første diktet er Min unge sang, frå Harpe og Dolk som kom ut i 1929:
Ved deg er eg evig usæl,
fredlaus, fortapt, fordømd.
Ved deg er eg drott på jorda
og gud i den blåe rømd.
Min helhest, min himmelstige
og meininga med min gang,
eg andar og lever i deg,
eg er deg, min unge sang.
Mer om
Halldis Moren Vesaas 100 år